Omfordeling av vaksinar

Omfordeling av vaksinar

Det er vedteke at det vil bli ein geografisk fordeling av vaksinar.

Når får Aukra fleire vaksinar?

Dette inneber at Aukra kommune ikkje vil få ein auke i vaksineleveransar før vekene 29-31, og det vil vere i desse vekene at dei fleste i kommunen får tilbod om vaksine.

Vi veit at dette vil skape utfordringar for fleire innbyggjarar, men vi vil likevel oppmode til å utsetje ferieturar eller kome heim når de får time til vaksinering. Vi håper på ein større forutsigbarheit i leveransar slik at vi får sett opp timar eit par veker i førevegen.

Vaksinedag

Det vil framleis vere berre onsdagar vi bruker til vaksinering og vi ber om forståing for at endring og avlysing av timar vil medføre ei stor belasting for planlegginga av vaksineringa.

Kven blir vaksinert først?

Frå starten av juni vil vi få starta med gruppe 8 (alder 55-64 år utan underliggjande sjukdom), vi vil kalle inn dei som er fødde i 1957 først.

Fylle ut skjema

Før vaksinasjonen ber vi deg om å fylle ut dette skjemaet og ta dette med deg til vaksinasjonsstaden. Skjemaet kan også hentast i resepsjonen på legekontoret.

Spørsmål om vaksinering?

Ved spørsmål kan du ta kontakt med koronatelefonen på telefonnummer 906 92 558 eller ved å sende e-post til korona@aukra.kommune.no