Informasjon frå kommunen

Om 17. mai-feiringa i Aukra kommune i år

Om 17. mai-feiringa i Aukra kommune i år

Den tradisjonelle 17.maifeiringa kan dessverre ikkje gjennomførast i år.

På grunn av statlege retningsliner, vert ikkje 17. mai arrangert på den måten som vi kjenner til.

Fram til 1. september er det ikkje muleg å halde kultur- og idrettsarrangement som samlar over 500 publikumarar, og på grunn av dette vert det ikkje ikkje 17. mai-tog i kommunen, samling ved Aukra omsorgssenter og skolane på Gossen og Julsundet.

17.mai-komiteen arbeider med eit digitalt innslag med talar, musikk og anna.

Korpsa har eigne planer for aktivitet 17.mai.

Nærare innformasjon om kva som skjer, vil bli publisert på heimesida så snart dette er klart. 

Med helsing 17. mai-komiteen