Nytt smittetilfelle

Nytt smittetilfelle

Aukra kommune fekk på tysdag melding om eit nytt Covid-19 tilfelle.

Personen er fullvaksinert og er overført isolasjon. Den positive har nokre symptom og blir tatt i vare av kommunen. Smittesporing blir gjennomført og aktuelle nærkontaktar blir testa.