Nye smittetilfelle.

Nye smittetilfelle.

Oppdatert informasjon for 26. januar:

Aukra kommune fekk i dag melding om 19 nye covid-19 tilfeller.

25. januar

Aukra kommune fekk i dag melding om 17 nye covid-19 tilfeller.

24. januar

Aukra kommune fekk i dag melding om 10 nye covid-19 tilfeller.

23. januar

Aukra kommune har i dag fått melding om 17 nye covid-19 tilfelle.

21. januar: 

Aukra kommune fekk i dag melding om 19 nye covid-19 tilfeller.

20. januar:

Aukra kommune har i dag fått melding om 25 nye covid-19 tilfelle, 10 av desse var frå prøvene tatt på tysdag.

Kommuneoverlegen oppfordrar alle om å vaksinere seg uavhengig av kva dose det er. Du kan bestille time via legekontoret si nettside eller ved å ringje koronakontakten.

19. januar:

Aukra kommune fekk onsdag melding om 9 nye positive covid-19 tilfelle.

Talet vil auke sidan kommunen ikkje har fått svar på alle prøvene som vart teke i går. 

18. januar:

Aukra kommune fekk i dag melding om 30 nye positive covid-19 tilfelle.

Dei fleste relatert til det pågåande utbrotet i kommunen. Det er forventa fleire tilfelle som følgje av dette..  

17. januar: 

Aukra kommune fekk i dag melding om ytterlegare 17 positive covid-19 tilfelle.

Dei fleste relatert til det pågåande utbrotet i kommunen og det er venta fleire positive frå prøver tatt i dag. 

16. januar:

Aukra kommune fekk laurdag og søndag melding om 24 nye covid-19 tilfelle.

Dei fleste er nærkontaktar av tidlegare påviste tilfelle. Kommunen har no fleire pågåande utbrot som rører skule, barnehage, helse og omsorg.

Totalt er det 60 som har testa positivt for covid i veke 2 og totalt 69 så langt i år.

14. januar: 

Aukra kommune fekk torsdag kveld og fredag melding om ytterlegare 17 positive covid-19 tilfelle.

Dei fleste relatert til det pågåande utbrotet i kommunen. Det blir forventa fleire positive tilfelle som følgje av dette. 

13. januar: 

Aukra kommune fekk onsdag kveld og torsdag melding om ytterlegare 11 positive covid-19 tilfelle.

Dei fleste relatert til det pågåande utbrotet i kommunen. Det blir forventa fleire positive tilfelle som følgje av dette. 

12. januar: 

Kl. 15.45: Aukra kommune fekk onsdag 12. januar melding om ytterlegare 7 positive covid-19 tilfelle.

Dette inkluderer 4 barn. I tillegg er det to prøver som vil bli tekne på nytt i morgon som blir forventa positive. 

Husstandsmedlemer og tilsvarande nære er sett i karantene og blir tilrådd å ikkje gå på skule/barnehage uavhengig av alder og vaksinasjonsstatus.

Barnehagen på Gossen går no over til raudt nivå og vil halde stengd torsdag 13. januar og fredag 14. januar for å organisere raudt nivå. Frå måndag vil barnehagen ha redusert opningstid frå 08.00-15.30 inntil vidare. Føresette på aktuelle avdelingar i barnehagen vil bli kontakta av barnehagen. 
 

Kl. 13.00: Aukra kommune fekk onsdag melding om 5 nye smittetilfelle med covid-19.

Alle tilfella er vaksinert og har symptom. Nærkontaktar er i karantene og blir testa vidare.

Kommunen har no smittetilfelle knytt til barnehage og helseinstitusjon i det pågåande utbrotet. Det er ingen barn blant dei som er smitta og barnehagen vil fortsetje på gult nivå. Det er ingen bebuarar ved institusjon som er smitta, men det er innført nokre besøksrestriksjonar som besøkande bør vere oppmerksame på.

Kommuneoverlegen forventar ein auke i smittetilfelle, og minner om at det er viktig å teste seg ved symptom og halde seg heime frå jobb eller skole. 

Oversikt over smittesituasjonen i Aukra kommune.