Nye smittetilfelle

Nye smittetilfelle

Aukra kommune fekk laurdag og søndag melding om tre nye Covid-19 tilfelle.

Den eine personen var allereie i karantene og er overførd isolasjon utan symptom. Den andre har forkjølingssymptom og er også overførd isolasjon. Smitteveg er ukjent. Det siste tilfellet har ingen symptom.

To av tilfella er fullvaksinerte og nærkontaktar blir testa vidare.

Kommunen ber til å ta kontakt med koronakontakten på telefonnummer 906 92 558 og teste seg dersom ein har luftvegssymptom.