Opningstider for NAV Aukra

Opningstider NAV Aukra for drop-in

NAV Aukra har open for drop-in:

  • Tysdagar kl. 10.00-13.00

NAV Aukra vil halde stengt for publikumsmottak ("drop-in") dei andre dagane.

Korleis får eg kontakt med NAV dei dagane dei er stengt?

Har du Bank-ID, kan du logge deg inn på nav.no og sende ein førespurnad der.

Logg inn på nav.no

Har du ikkje Bank-ID, kan du ringe 55 55 33 33 eller bruke NAV sin chatfunksjon.

Chat med NAV

Skal du levere ein søknad eller dokumentasjon for ein søknad?

Eg skal levere ein søknad

Dersom du har skrivar heime, kan du skrive ut søknadar på NAV si heimeside og sende dei inn. Du finn alle søknadsskjema på NAV si heimeside.

Søknadssenter på nav.no

Har du ikkje skrivar, ring eller send ein førespurnad via nav.no. NAV Aukra vil sende søknadsskjema i posten. Du kan ringe 55 55 33 33 eller logge deg inn via nav.no og sende ein førespurnad direkte. 

Logg inn på nav.no

Du kan og legge søknaden i  i postkassa foran inngangsdøra. Postkassa vert tømt dagleg.

Eg skal levere dokumentasjon for ein søknad

Du kan legge dokumentasjonen i postkassa foran inngangsdøra eller sende han per post til NAV Aukra, Aukraringen 9, 6480 Aukra. Postkassa vert tømt dagleg. Hugs å merke dokumentasjonen slik at det er tydeleg, kva det gjeld.

Lang ventetid?

Kontaktsentre i NAV har stor pågang og det vil oppstå lang ventetid i telefon. NAV Aukra vil difor oppfordre alle til å bruke innlogging på nav.no framfor å ringe, så langt det let seg gjere.

Logg inn på nav.no

Kontakt

NAV Aukra
Aukraringen 9, 6480 Aukra
Telefon 55 55 33 33
Kjerstin Mauseth
Leiar NAV Aukra
Mobil 47 64 92 01