Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

No kan du motta nyheitsbrev frå kommunen

Frå hausten vil kommunen sende ut nyheitsbrev.

Nyheitsbrevet vil innehalde følgjande informasjon

  • Oversikt over dei viktigaste nyheitene sidan sist.
  • Høyringar.
  • Informasjon om søknadsfristar.
  • Sesongbasert informasjon (t.d. StikkUT, BUA, turistinformasjon, kva skjer i kommunen).
  • Med meir... 

Når sender vi ut nyheitsbrev?

Kor ofte kommunen vil sende ut nyheitsbrevet er usikkert på noverande tidspunkt, men målet er eit nyheitsbrev per månad (unnateke i sommarferien).

Påmelding til nyheitsbrev

Ønskjer du å motta nyheitsbrevet? Meld deg på via lenka på kommunen si heimeside.