Nasjonal spørjeundersøking om helse og sjukdom

Nasjonal spørjeundersøking om helse og sjukdom

Nasjonalt senter for e-helseforsking har ansvar for ei ny, digital, nasjonal undersøking om helse og sjukdom. Innbyggjarar i Møre og Romsdal er valde ut til å vere mottakarar av spørjeundersøkinga som skjer via mobiltelefon/SMS. Dei fyrste SMS-ene vart sendt ut på laurdag 5. oktober 2019.

Om undersøkinga

Noreg ønskjer å redusere for tidleg død av ikkje-smittsame sjukdomar med 30 prosent innan 2030. Data frå ei ny undersøking vil gjere at helsestyresmaktene kan følgje med på utviklinga av desse sjukdomane, nemleg kreft, kols, diabetes og hjarte og- karsjukdomar.

- Livsstilsfaktorar som vekt, kosthald, fysisk aktivitet samt alkohol- og tobakksbruk er såkalla helseindikatorar. Dei kan fortelje korleis framtidig helse vil bli, forklarer professor Inger Torhild Gram ved Nasjonalt senter for e-helseforsking. Ho leiar arbeidet med den nye undersøkinga som skal skje ved hjelp av mobilen.

- Undersøkinga «Helse og sjukdom» vil gi myndigheitene viktig informasjon på ein enkel måte slik at dei kan setje i gong tiltak som betrar folkehelsa, forklarer professoren.

SMS frå og med laurdag 5. oktober 2019

Frå og med laurdag 5. oktober vil tilfeldig utvalde personar i Møre og Romsdal fylke få ein SMS, kor dei blir bedte om å svare på ei kort spørjeundersøking. Det vil ta ca. 5 minutt å svare.

- Vi håper så mange som mogeleg vel å svare. Det er den framtidige helsa vår det gjeld, og alle bidrag er kjempeviktige! understrekar professor Gram.

Kontakt oss

Fakta

  • Undersøkinga Helse og sjukdom er Noreg si fyrste nasjonale undersøking som planlegg årleg digital innsamling av informasjon om livsstilsfaktorar. 
  • Undersøkinga rettar seg mot 11 000 kvinner og menn tilfeldig trekte ut frå Folkeregisteret. Personane er i alderen 16 til 69 år, frå heile landet, og har eit registrert mobiltelefonnummer.
  • Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd.
  • Prosjektpartnarar er Nasjonalt senter for e-helseforsking, Universitetssykehuset Nord-Norge, Healthcom AS og Institutt for samfunnsmedisin, UIT Noregs universitet.
  • Store befolkningsundersøkingar i Noreg: Kvinner og Kreft, Tromsøundersøkelsen, Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag, Fylkesundersøkelsene, 40-årsundersøkelsene og Hordalandsundersøkelsen.