Namnekonkurranse - Aukra kulturhus og bassengAukra kulturhus og basseng trenger eit namn. No kan du vere med i ein namnekonkurranse. Frist for å kome med innspel er 1. mai 2021. Om konkurransen Aukra Kulturhus og basseng skal stå ferdig i 2022 og tida er inne for å utlyse ein namnekonkurranse. No kan du vere med å påverke gjennom å sende inn ditt forslag til kva huset skal heite. Aukra kulturhus og basseng skal vere staden der alle kjenner at dei høyrer til. Namnet må gje eit tydeleg signal, ha lokal identitet og vere lett å seie. Alle forslag blir vurdert i ein jury og kommunestyret tek det endelege valet. Vi håper på eit stort engasjement og mange gode innspel. Frist for innspel Svarfrist er 1. mai 2021. Korleis kan eg sende inn mitt forslag? Trykk på lenka for å sende inn ditt namneforslag. Send inn ditt forslag Sist endra24.03.2021 13.37