Mørke veglys

Mørke veglys

Det er meldt inn fleire saker om mørke veglys på strekninga Nerbø- Nyhamna. 

Dette er ei strekning med gamle armatur som etter kvart har vorte vanskeleg og kostbart å vedlikehalde. Det er mistanke om kabelfeil på noko av strekninga. Dette vil bli utbetra so snart som mogleg.

Aukra kommune har også bestilt nye armaturar og vil skifte dei ut fortløpande på denne strekninga. Oppstart på dette vil truleg skje i midten av november.