Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Midt i trynet - Rusføredrag med Richard Prøsch og Torbjørn Gran

Onsdag 29. mars kjem rusføredraget "Midt i trynet" til Aukra kulturhus. Føredraget tek føre seg rus, val og konsekvensar og er spesielt retta mot ungdommar og foreldre til ungdommar. 

Om arrangementet

Midt i trynet er eit levande og interaktivt føredrag. Målgruppa er foreldre og andre interesserte.

Det vert skoleføredrag på dagtid for elevane i 8.-10. trinn (8.-9. trinn på Julsundet skole). Foreldre og ungdommane får på denne måten same historia i ulik innpakking, og det kan vere eit godt utgangspunkt for gode og viktige samtalar. 

Politiet deltek på dagtid, SLT-koordinator deltek på dagtid og kveldstid.

Arrangementet er gratis og open for alle.

Les meir om Midt i trynet

Dato, tid og stad

  • Dato: Onsdag 29. mars 2023
  • Tid: kl. 19.00, FAU sel kaffi og kake frå kl. 18.00
  • Stad: Wickssalen i Aukra kulturhus