Melding frå Aukra kommune - varselet gjeld for heile kommunen

Melding frå Aukra kommune - varselet gjeld for heile kommunen

Vi får fleire varsel om brunt vatn ute på nettet. Områda Haugland, Riksfjord og Sentrum (Gamlevegen).

Vi kan ikkje sei noko om årsaka til dette enda, men det har vært mykje aktivitet med omkopling og snuing/endring av vassforsyning på nettet den siste tida.

Endring av retning og eller fart på vatnet kan i enkelte høve føre til problematikk med at partiklar i vatnet lausnar og blir ført ut på nettet og inn i abonnentanes stikkleidningar. Det er tilfeldig kor dette hamnar og det treng ikkje førekomme på fleire bustadar i same område, men kan dukke opp på tilfeldige plassar på nettet. Difor veit vi ikkje kven, eller kva område som blir råka av dette.

Til den som opplever skittent vatn i krana, anbefalar vi å tappe godt ut i ein kaldvasskrane til vatnet er klårt. Dette kan i enkelte høve ta tid, men vi anbefaler å la det renne til det er klårt og fint.

Om de har spørsmål kan de kontakte driftsvakta i Aukra kommune på tlf. 915 16 740