Laurdag vil det vere byggeaktivitet ved kulturhuset

Laurdag vil det vere byggeaktivitet ved kulturhuset

Laurdag 14. november 2020 vil det kome betongelement til det nye kulturhuset. Elementa vil kome med båt som blir losset på Nautneset. Det vil føregå transport av element frå Nautneset til byggeplass på Falkhytta heile dagen. Planlagt arbeidstid er frå 07:00 til 18:00. Om noko uventa skulle skje under lossing kan det gå med noko ekstra tid ut over dette.