Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Kurs om diabetes type 2

Har du diabetes type 2 eller er pårørande til nokon med diabetes type 2? Då kan dette kurset vere interessant for deg.

Medisinsk poliklinikk Molde, Lærings- og mestringssenteret og Diabetesforbundet arrangerer kurs om diabetes type 2. Kurset går over to dagar og vert overført digitalt i regi av frisklivssentralen i Aukra kommune.

Dato, tid og stad

  • Dato: 16. og 23. mars 2023
  • Tid: kl. 9.00-15.00
  • Stad: Informasjon kjem
  • Ingen servering, men det er mogleg å kjøpe seg mat på omsorgssenteret si kantine.

Korleis kan eg delta på kurset?

Din fastlege må henvise deg til kurset.

Påmelding

Du vert automatisk påmeldt, når din fastlege sender henvisning til medisinsk poliklinikk Molde merka diabeteskurs. Skriv gjerne at du møter på frisklivssentralen i Aukra.

Påmeldingsfrist

Frist for påmelding er 2. mars 2023.

Kva koster det?

  • Eigenandel kr 375,-.
  • For deg med frikort er kurset gratis.
  • For pårørande er kurset gratis.
  • Dersom du ikkje møter utan å ha gjeve beskjed, vil du bli belasta med kr 1500,-.

Program

Kontakt

Ved spørsmål kan du ta kontakt med vår leiande helsesjukepleiar Camilla Hjellset Orø eller Aukra legekontor.

Ta kontakt med Camilla

Kontakt legekontoret