Kurs for pasientar og pårørande på Molde sjukehus hausten 2022Molde sjukehus tilbyr ei rekke kurs for pasientar og pårørande. Kva for kurs kan eg delta på? Molde sjukehus tilbyr kurs for både vaksne og barn, pasientar og pårørande. Sjå i oversikt nedanfor om det er noko som er interessant for deg. Vaksne Hjerneslag - 31. oktober, 3., 7., og 10. november Stomi - 27. og 28. oktober Parkinson - diagnose før inntil fem år sidan - 15. og 22. november Parkinson - diagnose for meir enn fem år sidan - 17. og 24. november Brystkreft - digitalt frå Ålesund - månadlege kurs Hovudpine - kontinuerleg Svimmelheit - kontinuerleg Tinnitus - kontinuerleg Osteoporose - kontinuerleg Barn, ungdom og deira familiar/foresatte Epilepsi - digitalt frå Kristiansund og Ålesund) - 10. november Autisme/Asperger - ungdom frå 8. klasse - 14. september digitalt, deretter to dagar i fysisk gruppe. Autisme/Asperger - foreldre til barn - 19. og 27. oktober, 4. november ADHD - digitalt foreldrekurs - 2. og 9. november Stomi hos barn og unge - 27. og 28. oktober Du kan lese meir om pasient- og pårørandeopplæring og kursa på Helse Møre og Romsdal si heimeside. Info om tilbodet og kursa Korleis kan eg melde meg på? Du må ha tilvising frå lege for å delta på kurs og gruppetilbod. Det kan vere fastlegen din eller lege på sjukehuset. Rettar og eigenandel Pasientar har rett til fri for å delta på pasientopplæring. Rettar ved reise og opphald gjeld som ved andre polikliniske timar på sjukehuset. Du må betale eigenandel som ved ein vanleg poliklinisk konsultasjon. Dette går inn i frikortgrunnlaget, ingen eigenandel for deg som har frikort. Faktura sendes etter kurset. Spørsmål? Ved spørsmål kan du ta kontakt med Lærings- og meistringssenteret i Molde ved rådgjevar Astrid Ljøkjell Solem på telefon 930 91 816. Sist endra 29.06.2023 15.15