Kunngjering: Gassco søkjer om endring av løyve for Nyhamna prosessanlegg (2019/2744)

Kunngjering: Gassco søkjer om endring av løyve for Nyhamna prosessanlegg (2019/2744)

Miljødirektoratet har motteke søknad frå Gassco AS om endring av løyve til verksemd etter forureiningslova for Nyhamna prosessanlegg i Aukra kommune i Møre og Romsdal.

Auke av grenser for utslepp av trietylenglykol (TEG) til sjø

Gassco søkjer om endring av grenser for utslepp av trietylenglykol til sjø, frå 1,5 mg/l til 10 mg/l, frå 1,4 kg/døgn til 10 kg/døgn og frå 0,33 tonn/år til 1,1 tonn/år for blant anna å ta høgde for testing av brannvannsystem og ekstreme nedbørsmengder i opent avløp som kan føre til overløp mellom avløpssystema på anlegget, og der vatnet ikkje vert reinsa før utslepp til sjø.

Høyringsfrist 1. september 2019

Saksdokument

Saksdokumenta og skjema for å gi elektronisk tilbakemelding finn du på Miljødirektoratet si heimeside. 

Det er også mogeleg å sende inn høyringskommentarar skriftleg til Miljødirektoratet, Postboks 5672 Torgarden, 7485 Trondheim. Ver venleg å merke brevet med «2019/2744».

Søknaden frå Gassco AS er lagd ut til offentleg innsyn i kommunehuset på Falkhytten i Aukra kommune. Vi ber om at eventuelle fråsegner til søknaden blir sende innan 1. september 2019. Partar i saka vil bli informert om Miljødirektoratet si avgjerd.

Fann du det du leita etter?