Kompensasjonsordning til lokale verksemder

Kompensasjonsordning til lokale verksemder

Aukra kommune har fått overført 605 446 kroner som skal nyttast til å kompensere lokale bedrifter og føretak som er særleg hardt ramma av lokale og nasjonale smitteverntiltak i samband med covid-19 pandemien.

Søknadsfrist er 7. juni 2021. 

Kompensasjonsordninga skal fyrst og fremst kompensere lokale verksemder som har fall heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. 

Kven kan søkje om kompensasjon

Det er lokalt næringsliv og/eller lokale verksemder som kan søkje om kompensasjon. Det kan vere små og mellomstore bedrifter, også enkeltmannsføretak. Det er eit krav at verksemda er registrert i Aukra kommune.

Lag og foreiningar kjem ikkje under denne ordninga.

Midlane skal brukast på tiltak for lokale verksemder som er ramma av strengje smittevernstiltak. Dette gjeld særleg stønad som kompenserer lokale verksemder sine kostnader og tap som følgje av smittevernstiltak og nedstengning, stønad til verksemder innanfor overnattings- og serveringsbransjen, vinterdestinasjonar og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar. 

Retningslinjer for tildeling av kompensasjon

  • Midlane skal gå til lokale verksemder (næringsliv)
  • Berre verksemder innanfor kommunen sine grenser og med adresse i kommunen kan motta stønad. Verksemda kan berre motta stønad for den økonomiske aktiviteten som finn stad innanfor kommunen. Ei verksemd som er eigd av eit føretak utanfor eigen kommune kan støttast dersom den elles tilfredsstiller kriteria.
  • Statsstønadreglane blir følgde.
  • Stønaden vert tildelt som «bagatellmessig stønad».
  • For å unngå dobbeltkompensasjon skal søkjar i utgangspunktet ikkje vore omfatta av tidlegare stønadordningar. Dersom tidlegare motteken stønad har hatt ei anna innretning, og søkjer dermed ikkje har fått kompensert for det som no er søkt om, kan søkjar likevel bli omfatta av denne ordninga.
  • Små og mellomstore bedrifter, også enkeltmannsføretak kan søkje.
  • Bransjar som har vore spesielt ramma av covid-19 vil bli prioritert.
  • Lag, foreiningar og «hobbyføretak» kjem ikkje under denne ordninga.
  • Tilskot kan bli gitt verksemder som kan dokumentere tap av inntekter eller auka kostnader.
  • Maksimal stønad per føretak vil vere kr. 100 000. Aukra kommune kan gå vekk frå maksbeløpet dersom det ikkje kjem inn nok kvalifiserte søknader.

Søknadsfrist for kompensasjon

Søknadsfrist er 7. juni 2021.

Slik søkjer du om kompensasjon

Søknaden må innehalde:

  • Ei forklaring av verksemda, bransje, tal på tilsette og situasjonen.
  • Søkjar må dokumentere tap på inntekter eller auka utgifter på bakgrunn av smitteverntiltak og nedstenging.
  • Utskrift av rekneskap, budsjett, forklaring eller annan dokumentasjon.
  • Nytt vedlegg til søknaden for å få med nødvendig dokumentasjon. Søknader med mangelfull dokumentasjon, vil ikkje bli prioriterte.

Fyll ut søknadsskjema på http://www.regionalforvaltning.no 

Kva skjer vidare etter du har søkt?

  • Alle søknadene blir behandla når søknadsfristen har gått ut.
  • Styret i Aukra Næringsforum vil, basert på innstilling frå saksbehandlinga, gjennomføre eit endeleg vedtak.
  • Alle søkjarar vil i etterkant motta eit brev med informasjon om dei mottek stønad eller ikkje.
  • Sidan alle søknader blir behandla samtidig, vil det bli gjort ei prioritering basert på oppsette kriterium og dokumentasjon.

Kommunalt næringsfond

Dersom bedrifta di planlegg tiltak som fremjar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping i Aukra, eller andre næringsretta tiltak som ein går ut frå vil motverke negative verknader av covid-19 utbrotet, kan de søkje Kommunalt næringsfond covid-19 om stønad.

Logg inn på nettsida til Regionalforvaltning og søk "Kommunalt næringsfond ifbm. covid-19 - Aukra næringsforum"

Kontaktinformasjon

Har du spørsmål til Kompensasjonsordningen eller Kommunalt næringsfond: ta kontakt med Jørn Heggertveit:

E-post: jh@protomore.no 

Mobilnummer: 920 61 690