Frist for å søkje om barnehageplass er 1. mars 2020

Kartlegging og verdsetting av friluftsområde - vi ønskjer ditt innspell

Kartlegging og verdsetting av friluftsområde - vi ønskjer ditt innspell

Frist for merknadar: 30. september 2019

Bakgrunn

Aukra kommune er i gang med å kartlegge friluftsområda i kommunen. I samband med dette ønskjer vi å få innspel frå innbyggarane for å få med alle relevante område og for å kvalitetssikre kartlegginga. Målet er at denne kartlegging skal bli best mogeleg, og at folk skal kjenne at registreringa er riktig.

Mål for kartlegginga

Formålet med kartlegginga er å identifisere område som har verdi for friluftsliv, og samle data i eit temakart. Materialet skal vere eit grunnlag for å utvikle og ivareta areal for friluftsliv. Det skal også fungere som kunnskapsgrunnlag i forvaltning og planlegging og vere med på å sikre at innbyggarane kan drive med variert friluftsliv.

Kartlegginga vil bidra til at friluftslivet sjåast opp mot andre interesser og vil gjere det enklare å forvalte friluftsliv på ein meir kunnskapsbasert og systematisk måte.

Kartlegginga skal ikkje vedtakast som ein plan. Den vert laga som eit digitalt kartlag og den vil med jamlege mellomrom bli oppdatert.

Om kartleggingsarbeidet og kartet

Aukra kommune har saman med Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og lokale informantar hatt ein grundig gjennomgang av kommunen sitt areal, både land og sjøområde. Vi har laga eit utkast, der dei ulike områda er teikna inn med tre ulike fargekoder. Vi har også laga forklaringar i tekstform som viser kva slags område det er og kva slags kvalitetar det har. Døme på område som er kartlagt er leikeplassar, turstiar, badeplassar og større friluftsområde.

Friluftslivsområde er avgrensa i temakartet og kartlagt med verdi, type og ei tekstforklaring. Det er i mange tilfelle vanskeleg å avgrense kva som har verdi for friluftslivet, og grensene er derfor omtrentlege. Teksta fortel kvifor området er tatt med, og kva som er dei viktigaste eigenskapane. Verdsettinga er satt til svært viktig, viktig, eller registrert friluftslivsområde. Kvart område har sitt eige ID-nummer, som kan brukast som referanse

Du finn kartet ved å følgje lenka.

Kva ønskjer vi innspel på?

Aukra har hatt ei satsing på tilrettelegging for friluftsliv i mange år. Vi ber no om innspel på område som har verdi for både sommar- og vinteraktivitetar for alle alders- og brukargrupper. Det kan vere område i nærmiljøet, som leikeplassen, akebakken eller snarvegen gjennom skogen. Det er viktig å tenke på alle slags aktivitetar som til dømes gangturar, dykking, fisking, padling og terrengsykling.

Er området som er teikna inn greitt avgrensa? Er det område som manglar i kartet? Har området fått riktig verdi? Har du annan informasjon som bør være med i tekstforklaringa?

Korleis gje innspel

  • Opne kartet i nettlesaren.
  • Bruk musepila og flytt deg rundt i kartet. Zoom inn på friluftsområde ved å scrolle eller bruk knappane +/- på skjermen. 
  • Klikk på eit område. Du får no opp registrert informasjon. 
  • Trykk på menyen med tre linjer øvst til venstre. Ved hjelp av symbol kan du foreslå endringar ved å teikne og skrive rett i kartet.  
  • Når du er ferdig trykk igjen på menyen med tre linjer øvst til venstre, og vel «Del kart».
  • Ved å trykke på det grøne brev-symbolet kan du sende innspelet til postmottak@aukra.kommune.no.
  • Du kan også sende innspel på andre måtar til same e-postadresse. Merk innspelet med «Kartlegging friluftslivsområde». 

Meir informasjon

Kartlegging og verdsetting av friluftsområde er ei nasjonal satsing forankra i nasjonal strategi og stortingsmelding om friluftsliv – «Natur som kilde til helse og livskvalitet». Tilgang til gode friluftsområde er også viktig i folkehelsearbeidet. Arbeidet tar utgangspunkt i Miljødirektoratet sin rettleiar, «Kartlegging og verdsetting av friluftsområder».

Kontakt

Ved spørsmål, kan du ta kontakt med folkehelsekoordinator Tove Charlotte Æsøy.