Jaktsesongen 2022 har starta

Jaktsesongen 2022 har starta

Jaktsesongen har starta og Aukra kommune har mange aktive innbyggarar som likar å gå tur i den flotte naturen vår. Allemannsretten sikrar at alle har like stor rett til å ferdast i skogen. Vi har veldig mange turstiar som går på kryss og tvers over heile kommunen, og dette kan skape farlege situasjonar. Det er viktig at både jegarar og turgåarar viser omsyn til kvarandre. For din eigen sikkerheit: Ser du jegerar som jaktar, er det fint om du vurderer om det er tryggare å gå tur ein annan stad.