Invitasjon til å delta på COS-P kurs våren 2022 (cirkle of security-parenting)

Invitasjon til å delta på COS-P kurs våren 2022 (cirkle of security-parenting)

Til foreldre/føresette med elevar på Julsundet og Gossen barne- og ungdomsskole

Når er kurset?

  • Kurset vert halde på tysdagar klokka 17.30 – 19.30.
  • Oppmøte vil veksle mellom Julsundet og Gossen. 
  • Kvar kveld vil vare i ca. 1.5 - 2 timar.
  • For å få fullt utbytte av kurset forpliktar ein seg til å møte opp alle kveldane.

Våren 2022 er det desse tysdagane :

  • 8. februar,
  • 15. februar,
  • 1. mars,
  • 8. mars,
  • 15. mars,
  • 22. mars,
  • 29. mars og
  • 5. april.

Om kurset

Tryggleik er viktig for at barn skal trivast og utvikle seg. Men korleis vert tryggleik utvikla ? Korleis påverkar barnet meg, og eg barnet ? Korleis kan eg bli meir bevisst i foreldrerolla mi, forstå kva behov barnet signaliserer, og møte det på ein god måte slik at barnet får ei trygg tilknyting.

Målet er at barna skal få hjelp til å kjenne seg trygge, få betre sjølvkjensle og  betre psykisk helse. På den måten kan dei stå sterkare rusta til å møte utfordringane i liva sine.

COS er basert på over 50 års forsking på kva som gjev barn ei trygg tilknyting til sine næraste omsorgspersonar. Sirkelen hjelper oss å forstå barnets behov, og kva for støtte og hjelp dei treng.
På kurset vil de m.a.  lære meir om tryggleikssirkelen og vegen til tryggleik, barnet sitt behov rundt tryggleikssirkelen, om å vere saman med barnet på sirkelen, utforske det vi strevar med, og brudd og reparasjon.

Saman skal vi skape ei trygt, positivt og spanande rom.

Kven kan delta?

Foreldre/føresette med elevar på Julsundet skole og Gossen barne- og ungdomsskole.

Det er ønskeleg at begge føresette deltek, men om ikkje dette er mogleg, så er det ønskeleg at den same forelder deltek kvar gong. I påmeldinga skriv du namnet til den/dei som skal delta. Det er bindande påmelding.

Det er plass til maks åtte foreldrepar, så ikkje nøl med å melde dykk på.

Påmeldingsfrist

Påmeldingsfrist er onsdag 2. februar.

Du kan melde deg på til

Ta gjerne kontakt med oss om de har spørsmål om kurset.

Her er to korte videoar som de kan sjå for å få litt innblikk i kva Cos-p er

Circle of security animation

Verdens vanskeligste oppgåve ( folkom.no )

Tilbakemelding frå kurset som var i haust: 

"Etter å ha gått ferdig kurset så ser jeg nå barnas følelser og behov fra et mer utvidet perspektiv enn før, dette gjør at jeg kan møte dem på en enda mer helhetlig måte enn tidligere. Å kunne møte husets treåring i stortrass, og redusere uenigheten fra 45/60 min ned til 5/10 min, har vært helt fantastisk. Og det har virket like godt på de andre større barna også. Og det var spennende å lære mer om hvordan egne erfaringer og tanker kan ubevisst påvirke vår relasjon til barnet. Dette er det mest matnyttige kurset jeg har vært på. Tusen takk!"

 

"Eg har ikkje noko slåande sitat, men tenkjer på det som ofte vart sagt om at dette var forebyggande psykisk helse både for foreldre og born. At kurset ga rom for/var mykje tufta på eigen refleksjon, at det ikkje var rein forelesing om ein metodikk/modell (tryggehetssirkelen). Eg hugsar ikkje heilt kva som stod der eg meldte meg på, men opplevde ikkje at det stod noko om det. Kanskje difor fleire av oss stussa litt på omfanget (8 veker). Sjølv om det kan verke skremmande trur eg det og kan gje nokre eit ekstra initiativ for å melde seg på. At meg foreldre må gå i oss sjølv. Opplever vel at haimusikk er eit eit av begrepa eg oftast tek fram. Personleg står eg vel og stødigare i å møte kjensler utan å vere redd dei rundt meg synes eg skjemmer vekk borna. Og eg trur at eg gjennom dette kurset ikkje berre står betre rusta til å skape trygg tilknytning no, men at borna mine skal bli trygge og psykisk/kjenslemessig påkobla ungdom og vaksne."