Informasjonsmøte om skolestart for 1. klasse på Gossen barne- og ungdomsskole hausten 2021Gossen barne- ungdomsskole inviterer alle føresette for barn som skal starte i 1. klasse på skolen til hausten. Vi følgjer smittevernreglane. Dato, tid og stad Dato: onsdag 10. mars 2021 Tid: kl. 19.00 - 20.30 Stad: Egget (auditoriet) på Gossen barne- og ungdomsskole. Bruk hovudinngangen. Agenda Informasjon om skolen Presentasjon av kontaktlærar Skolestart og litt om kva barnet ditt vil møte som 1.klassing Overgang frå barnehage til skole Besøksdagen i juni SFO Forventningar frå foreldre/føresette og frå skolen Eventuelle spørsmål Meld inn barnet ditt på skolen Det er viktig for oss å få inn alle opplysningane tidleg slik at vi har alt på plass i god tid før skolestart i haust. Difor er det fint om du melder inn barnet tidleg. Du kan også søkje om SFO-plass og skoleskyss. Alle søknadsskjema er elektronisk. Meld inn barnet på skolen Søk om SFO-plass Søk om skoleskyss Meir informasjon om skolen og SFO Skoleruta Skoleruta Sist endra10.02.2021 13.35