Informasjonsmøte om ny rammeavtale for innleige av maskiner, traktorar og lastebilar med førar

Informasjonsmøte om ny rammeavtale for innleige av maskiner, traktorar og lastebilar med førar

Aukra kommune inviterer entreprenørar og andre leverandørar til eit informasjonsmøte i samband med utlysning av ny rammeavtale.

Dato, tid og stad

  • Dato: Fredag 11. november 2022
  • Tid: Kl. 9.00-11.00
  • Stad: Møterom Flo og Fjøre ved Aukra kulturhus

Målgruppe for møtet

Informasjonsmøtet kan vere interessant for deg som er leverandør av desse tenester:

  • Utleige av gravemaskin i forskjellige størrelsar med førar
  • Utleige av traktor med utstyr med førar
  • Utleige av lastebil med førar
  • Utføring av kosting av vegar og plassar
  • Utføring av kantklipp langs kommuneveg
  • Utføring av oppsetting/innsamling av brøytestikk

Lista er ikkje utfyllande og behov og omfang vil bli presentert i møtet.