Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Informasjon om ny hovudvassleidning frå Fanghol til Eidskrem og brunt vatn

Aukra kommune har sidan desember hatt eit prosjekt med legging av ny hovudvassleidning frå Fanghol til Eidskrem. Dette er det siste lange strekket med asbestsementrøyr som er i kommunen.

Om prosjektet

Prosjektet omfattar ein del nærføring langs den gamle vassleidninga. Dette er til tider utfordrande då vassleidninga ikkje er innmålt og avvik frå slik ho er teikna inn på VA-kart. Det er i tillegg problem med at den gamle vassleidninga ligg med lite over dekning og feil omfyllingsmassar. Den gamle asbestsementen er «sprø» og toler ikkje mykje trykk eller støt. Ved graving, nærføring kan dette føre til at det blir brot på vassleidning.

Kva skjer ved eit brot på vassleidning?

Rutinar for vassleidningsbrot er at entreprenør varslar Aukra kommune om hendinga og sett i verk utbetring av brotet. Aukra kommune iverksett varsling av alle abonnentar som er råka av dette. Aukra kommune sender ut varsel når abonnentane blir vasslause og når vatnet blir sett på igjen. I varselet som blir sendt ut når vatnet er tilbake oppmodar vi om at alle tappar godt ut i ein kaldvasskrane til vatnet er klårt og utan luft. Det vil blir sendt ut SMS-varsel via vårt varslingssystem, alle med folkeregistrert adresse innanfor eit område skal då få varsel.

Aukra kommune har dialog med entreprenør om rutinar for graving. Alt arbeid nær vassleidning skal utførast på ein måte som minskar faren for uhell. Entreprenøren skal også ha reparasjonsdelar lett tilgjengeleg. Det er eigne rutinar for reingjering og desinfisering ved reparasjon av vassleidningsbrot. Det blir også utført ei spyling av nettet for å fjerne skittent vann frå leidninga. Vatnet blir då spylt ut i bekk eller terreng.

Reparasjon og påsetting av vatnet skal skje i samråd med kommunen, fordi dette skal skje på ein måte som er skånsamt for både abonnentane og vassnettet. Av og til skjer det likevel at rutinar ikkje blir fulgt. Dette kan medføre driftsproblem i etterkant av eit vassleidningsbrot. Typiske driftsproblem er til dømes brunt vatn på nettet.

Brunt vatn

Fleire abonnentar har i det siste opplevd brunt vatn i kranen.

Inne i vassleidningane vil det til ein kvar tid ligge noko belegg/groe (biofilm). Ved jamn vasstraum vil ikkje dette påverke vasskvaliteten. Kommunen tek jamleg vassprøver for å sjekke kvaliteten på vatnet i vassnettet. Vi måler det så kalla kimtal for å sjekke bakterienivået i vassleidningsnettet. Aukra kommune har jamt over låge kimtal på sine vassprøver, det vil likevel alltid vere nok næring i vatnet til at biofilm kan etablere seg. Dette vil variere etter forbruk og opphaldstid på vatnet i leidning og basseng.

Ved endringar i vasstraumen som til dømes ved brot, snuing av vasstraum, stenging, stor uttapping vil biofilmen lausne frå veggane og bli dratt med i vasstraumen. Dette kan gje misfarging av vatnet.

Kor mykje biofilm som lausnar og kor den endar opp på nettet kan ofte virke tilfeldig, men stort sett følger denne vasstraumen dit det er størst forbruk og gjerne til ein ende av nettet. Om abonnentar tappar i kranen sin på eit tidspunkt då det er laus biofilm på nettet kan ein være uheldig å få det inn på sin krane. Vi anbefaler då å tappe godt ut til vatnet blir klårt. Kor lenge dette vil ta varierer ut i frå kor mykje biofilm du har fått inn på kranen din.

Det brune vatnet er uappetittleg og ikkje særleg freistande å drikke, men vi tek jamleg prøver av vatnet og har ingen prøveresultat som viser at det er farleg å drikke vatnet etter ei slik hending.

Vi anbefaler alle som opplever brunt vatn i kranen å gje beskjed om dette til Aukra kommune slik at vi er klare over dette. Om situasjonen ikkje betrar seg med tapping i innvendig krane kan kommunen iverksette tapping på nettet for å prøve å tappe ut det brune vatnet.

Meld inn feil

Vakttelefon (på kveld og helg)