Informasjon om legevaktordning i Aukra kommune

Informasjon om legevaktordning i Aukra kommune

Til brukarar av legevakt og ambulanse i Midsund, Aukra, Fræna, Eide, Molde, Rauma, Nesset og Sunndal

Helse- og omsorgsdepartementet ønskjer å prøve ut ein ny modell for organisering av legevakt i små- og mellomstore kommunar. 

Modellen skal prøvast ut i distriktet ditt

For å måle effekten av den nye organiseringa, treng forskarane i prosjektet informasjon om befolkninga som bruker legevakt- og ambulansetenesta. 

Innsamling av opplysningar om deg

I perioden 1.februar 2019 til 31.desember 2020 blir det gjennomført ei datainnsamling frå legevakt- og ambulansetenesta i distriktet ditt. Data som blir samla inn gjeld kontakten og bruken din av legevakt- og/eller ambulanseteneste.

Alle data vil bli sletta etter prosjektslutt. 

Regional etisk komité har godkjent innsamling av opplysingane. Opplysingane vil bli behandla i tråd med reglar om personvern og teieplikt. 

Kan eg reservere meg?

Dersom du ikkje ønskjer at opplysningar som gjeld deg skal brukast i dette prosjektet, kan du trekkje deg utan å vise til ein grunn. Du må då ta kontakt med Nasjonalt kompetansesenter for legevaktsmedisin direkte på telefon 56 10 73 01 eller assp@norceresearch.no

Det vil i den same perioden også bli gjennomførde frivillige, anonyme brukarundersøkingar. 

Kontaktinformasjon

Om du har spørsmål eller ikkje ønskjer å delta, ta kontakt på e-post assp@norceresearch.no eller telefon 56 10 73 01.

Treng du meir informasjon?

Meir informasjon om prosjektet, datainnsamling og dine rettar finn du på heimesida til nasjonalt kompetaksesenter for legevaktmedisin.

Med helsing

Nasjonalt kompetansesenter for legevaktsmedisin (NKLM)