Informasjon om bålbrenning og andre aktivitetar frå Aukra brann og redning

Informasjon om bålbrenning og andre aktivitetar frå Aukra brann og redning

Hugs å søkje om løyve til å brenne bål. 

Dette har vore ei aktiv veke for Aukra Brann og redning. Vi har hatt den faste øvinga for vaktlaget, ein  brann i hytte, og gjesting frå barnehage saman med ambulansen. Vi fekk også dei gode nyheitene om at kommunestyre gjekk inn for nytt interkommunalt selskap som Aukra brann og redning blir ein del av. Vi får behalde vaktordninga som gjer at vi alltid har folk tilgjengeleg og sikrar god  og tidleg hjelp til alle i Aukra kommune. 

Nå som vi skal feire St. Hans på søndag vil vi oppmode til varsemd rundt båltenning. Minner også om at all båltenning er meldepliktig og gjere via heimesidene til Aukra kommune.

Søknad om bålbrenning

Legg ved av biletet av vaktlaget som vil halde oss trygg denne veka og ønskjer alle ein flott  St. Hans feiring.

Helsing Kjetil Ilestad, Brannmeister Aukra brann og redning.

Klikk for stort bilete