Informasjon om 17. mai 2021 i Aukra kommune

Informasjon om 17. mai 2021 i Aukra kommune

Informasjon frå 17. maikomité

Det blir heller ikkje i år tradisjonell feiring av 17. mai. Aukra kommune sin 17. maikomité arbeider med ei alternativ feiring, der dei planlegg film med tradisjonelle innslag og glimt frå barn og unge sine aktivitetar. Bilkortesjen på Gossen i fjor var suksess, så det er planer for kreativ kortesje i år også.

Følg med på kommunen si heimeside og facebookside. Her kjem meir opplysningar og detaljert 17. maiprogram etter kvart.