Informasjon frå kommunen

Influensavaksine

Influensavaksine

No kan du bestille time for influensavaksine dersom du er i risikogruppa. Andre må vente til 1. desember.

Når skjer vaksineringa?

Vaksinering blir gjennomført i veke 44 og 45 slik: 

  • Onsdag 28.10.20
  • Fredag 30.10.20
  • Onsdag 04.11.20

Dersom det er behov, blir det også tilbod om vaksinering fredag 06.11.20.

Oppmøtestad for vaksinering

Årets influensavaksine blir gjennomført i Aukrahallen. 

Bestilling av time for vaksinering

På heimesida til legekontoret kan du bestille time for vaksinering.

Kva kostar det å vaksinere seg?

Vaksinering i Aukrahallen er gratis for dei i risikogruppa.

Kven kan få tilbod om vaksinering?

Det er berre personar i risikogruppa som får tilbod om vaksine i første omgang. Det vil kome informasjon om vaksinering for andre seinare.

Risiokogruppene

  • Alle over 65 år.
  • Bebuarar i sjukeheim og omsorgsbustader.
  • Barn og vaksne med hjarte- og lungesjukdommar, diabetis, lever- og nyresvikt, nevrologisk sjukdom.
  • Barn og vaksne med svekka immunforsvar (og deira pårørande).
  • Barn og vaksne med svært alvorleg fedme.
  • Gravide i 2. og 3. trimester som har kronisk sjukdom eller er helsepersonell.  

Spørsmål om vaksinering?

Ta kontakt med Aukra legekontor tlf.nr. 71 17 14 00.