Hugs røykvarslarens dag 1. desember

Hugs røykvarslarens dag 1. desember

Den 1. desember er dagen for å bytte batteri på røykvarslarane i bustaden din. 

Tidleg varsling

er eit av dei viktigaste kriteria for å unngå personskadar ved brann.

Tidleg varsling ved hjelp av røykvarslar, bidreg til ei rask og trygg evakuering av bustaden i tilfelle brann. Det er derfor viktig at røykvarslaren verkar som den skal når uhellet først er ute.

Viktig å hugse:Bildet viser ei hand som trykkjer på ein røykvarslar - Klikk for stort bilete

  • Monter røykvarslaren i taket.
  • Varm røyk stig og blir samla under taket først.
  • Vi oppmodar å ha ein røykvarslar per etasje.
  • Om ein har fleire røykvarslarar, bør desse koplast saman.
  • Sjekk at du kan høyre røykvarslaren når du er på soverommet. Dei fleste dødsbrannar skjer om natta.
  • Test funksjonen kvart kvartal ved å trykkje inn knappen på røykvarslaren.
  • Byt batteri ein gong i året, gjerne 1. desember.
  • Brannvernforeininga tilrår at ein støvsugar på svak styrke slik at ein fjernar støv og andre løyse partiklar som har samla seg opp. Vêr forsiktig såg du ikkje skader elektronikken.
Fann du det du leita etter?