Helseplattformen – Èin journal for heile helsetenesta i Midt-Noreg 

Helseplattformen – Èin journal for heile helsetenesta i Midt-Noreg 

Helseplattformen er eit stort prosjekt som har vore i gang sidan 2012. Prosjektet skal skaffe og innføre ein felles elektronisk pasientjournal for sjukehus, fastlegar og kommunehelsetenesta i heile Midt-Noreg. Vi er då utprøvingsregion for det nasjonale målbiletet «Éin innbyggjar - éin journal» gjennom Helseplattformen.  

 

Klikk for stort bilete

Utfordringar i dag

I dagens helsevesen er det mykje dobbeltarbeid, datasystema snakkar ikkje saman, og som pasient må ein ofte informere om det same gjentatte gonger. Framtidas journal skal spare oss for dobbeltarbeid, og gje meir tid til god og sikker pasientbehandling. Det er lagt stor vekt på pasienten si rolle i den nye journalløysinga. For fyrste gong blir det etablert ei felles løysing som kan fylgje pasienten i alle møte med helsetenesta, og det er moglegheit for å kunne samhandle på ein betre måte mellom sjukehus, fastlege og kommune.

Kva inneber dette for meg?

Som pasient vil du kunne oppleve ei meir samla helseteneste, all informasjon er registrert på ein stad, informasjonen er oppdatert til ein kvar tid, og det er ikkje naudsynt å repetere informasjon på same måten når ein er i kontakt med fleire helseaktørar. Det vil òg bli lettare å få innsyn i eigen journal og større moglegheit til å påverke din eigen helsesituasjon. Som helsepersonell vil ein få eit verktøy som skal auke kvaliteten i pasientbehandlinga, det skal vere brukarvennleg og gjere det enklare å jobbe sikkert og effektivt.  

Kven får sjå mine opplysningar?

Spørsmålet som oftast kjem opp er om heile journalen no blir open for alle? Korleis blir tilgangar styrt i programmet? Journalen skal ikkje vere tilgjengeleg og open for alle. Tilgangsstyring er eit viktig tema, difor er dette ei eiga gruppe i Helseplattformenprosjektet. Ein skal berre ha tilgang på deler av journalen om ein har tenestleg behov for dette. Dette har ført til at tilgangsstyring blir eit eige program i Helseplattformen, for å få det sikrast mogleg.  

Når kjem Helseplattformen?

Ut frå gjeldande tidsplan skal Trondheim og St.Olavs hospital fyrst ut og gå i drift med den nye løysinga i løpet av siste kvartal i 2021. Vel Aukra kommune å gå for løysinga så vil løysinga bli innført mot slutten av fyrste halvdel 2022.   

Meir informasjon om Helseplattformen

For dei som tidlegare ikkje har fått så mykje grunnleggande informasjon om (eller ynskjer ein repetisjon av temaet) Helseplattformen. Her er link til då Helge Storøy, prosjektleiar for Helseplattformen Romsdal, kom og presenterte Helseplattformen for kommunestyret 05.02.19. 

  • Trykk på innlegg nr.2. Det er lurt å byte kamera når du startar presentasjonen. Til høgre i biletet ser du ein kameraknapp, endre denne til «Projektor» for å kunne sjå presentasjonen samtidig som Helge snakkar. Innlegget er på 30 min.  

Vil du lese meir om Helseplattformen? Prosjektet si nettside er oppdatert med siste nytt, der blir det lagt ut informasjon jamleg. Det er òg ei side med spørsmål og svar som ein kan lese. 

Kontaktperson

Aukra sin kommunekontakt inn mot Helseplattformenprosjektet er May-Liss Rognskog. Ho er òg 50% engasjert i dette prosjektet for å jobbe med fag/funksjonalitet i Romsdal og Midt-Noreg. 

Helseplattformen

Fann du det du leita etter?