Har du noko å fortelje?

Har du noko å fortelje?

Aukra sogenemnd ønskjer seg fleire skribentar til Aukra gjennom tidene

Likar du å skrive ?

Då er du kanskje ein av skribentane Aukra sogenemnd kan samarbeide med for å få interessante artiklar til Aukra gjennom tidene. Aukra har ei allsidig historie, og det er mykje som det enno ikkje er skrive om. Du kjenner kanskje til ting som besteforeldra dine har fortalt om, eller kanskje naboen din ein gong fortalte deg ei artig eller spesiell historie?  Kanskje du har eit gamalt foto, eller ein ting oldemor di hadde på kjøkkenet sitt ? No får du sjansen til å fortelje om det i  Aukra gjennom tidene 2021.

Likar du ikkje å skrive?

Men har likevel ting du kan tenke deg å fortelje. Aukra sogenemnd kan hjelpe til med å skrive om det du kjenner til og syns gossingar, julsundingar og dei på Orten kan få vite meir om. No tenker du kanskje at det du har å fortelje sikkert ikkje er så interessant for andre. Men du kan gjerne snakke med nokon i sogenemnda om det likevel, så finn de ut saman om det kan bli til ein fin artikkel i Aukra gjennom tidene.

Vi veit det er mykje spennande og interessant som skulle blitt fortalt til fleire, så vi gler oss til å høyre meir om det.

Kontakt

Du kan ta kontakt med

  • Ann Ingjerd Dale, leiar i Aukra sogenemnd: mob. 474 64 241 eller e-post ann_ingjerd@hotmail.com 
  • Berit Drejer, kulturformidlar i Aukra kommune, mob. 906 44 743 eller e-post berit.drejer@aukra.kommune.no