Gebyr vatn, avløp, renovasjon og feiing

Gebyr vatn, avløp, renovasjon og feiing

Faktura på kommunale gebyr 1. termin er no sendt ut til alle husstandar. Frå 2018 til 2019 har Aukra kommunestyret vedtatt ei samla gebyrauking på omlag 15 % for å dekkje kommunen sine kostnadar på områda.

Auke i gebyr for renovasjon og vatn og avløp

Gebyret for renovasjon aukar med 28 %, medan gebyret for avløp er uendra.

I Aukra kommune er gebyret for vatn todelt: Eit fast abonnementsgebyr og eit variabelt forbruksgebyr. Fastgebyret utgjer 37 % av dei totale gebyrinntektene. Frå 2018 til 2019 er det vedtatt at gebyret for vatn aukar med 21 % frå kr 4 301,- til kr 5 222,-.

Aukra kommune har dei siste åra hatt ein dekningsgrad på sjølvkostområdet vatn som har ligge under 100%. Dette må dekkast inn innanfor ei femårsperiode. 

I perioden 2017 til 2022 aukar samla gebyr med kr 3 163,- , frå kr 11 122,- i 2017 til kr 14 285,- i 2022. Dette svarar til ei gjennomsnittleg årleg gebyrauke på 5 %.

Vil du lese meir om auke i gebyr?

Meir om bakgrunn for auke i gebyr for renovasjon og vatn og avløp finn du i sakene som vart behandla i kommunestyret oktober 2018.

Les saka om vatn- og avløpsgebyr 2019 (PDF, 101 kB)

Les saka om renovasjonsgebyr 2019 (PDF, 100 kB)