Frivillige lag og organisasjonar kan no søke om momskompensasjon

Lotteri- og stiftelsestilsynet skal fordele i overkant av 2 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar i 2023. Denne ordninga skal fremje frivillig aktivitet, gjennom å kompensere for kostnader som frivillige lag og organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester. 

Det er no ope for søknader og søknadsfristen er 1. september 2023. 

Kven kan søke?

Frivillige lag og organisasjonar som er registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2023 kan søke på ordninga. Dette gjeld også dei som søker via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid.

Du kan registrere ditt lag eller organisasjon i Frivilligregisteret på Brønnøysundregistrene sine sider.

Merk: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for meir informasjon.

Frivillig innsats må vere ein viktig del av verksemda som søker om kompensasjon.

To søknadsmodellar

Det er mogleg å søke etter to modellar: Forenkla modell og dokumentert modell. Minstegrensa for å søke etter forenkla modell er 100 000 kr i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 kr i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for underledd. 

Korleis søke?

Du finn informasjon om ordninga og søknadsskjema på Lotteri- og stiftelsestilsynet si nettside. Der finn du også informasjon om oppdateringar du må vite om i 2023.

Søknadsfrist

Frist for å søke er 1. september 2023.