Friluftsrådet i Nordmøre og Romsdal og Aukra kommune inviterar til tur

For å gjennomføre Stikk UT! er det nærmare 400 som gjer ein frivillig innsats kvart år. Vi har beregna at dei til saman legg ned over 3700 dugnadstimar. Utan dei hadde ikkje Stikk UT! vore det det er i dag. Derfor vil vi i Frivillighetas år 2022 –«vår veke» invitere alle innbygjarane til å bli med saman på tur og gje dei frivillige ein ekstra takk for innsatsen.

Vi har den gleda av å invitere til ein Stikk UT!-tur saman med gamle og nye turgåarar i kommunen. Ved turmålet blir det overrekt gåver til dei frivillige. Turen er open for alle, det blir enkel bevertning og vi gir også ein innføring i Stikk UT!

  • Turmål: Riksfjordremma
  • Oppmøte: Parkering ved Gossen barne- og ungdomsskole
  • Dato: 9. juni 2022
  • Klokkeslett: 17.00

Velkommen!