Framleis forbod mot hagevatning i Aukra kommune

Framleis forbod mot hagevatning i Aukra kommune

Førebels er det ikkje nødvendig å avgrense anna enn hagevatning med spreiar og vatning med svetteslange eller dryppvatning. Utanom hagevatning kan ein bruke vatn som normalt.

Kvifor er dette viktig?

Høgt forbruk kan gje misfarga forbruksvatn på grunn av høgare hastigheit i vassrøyra.  På grunn av anleggsarbeid som pågår denne sommaren, er leidningskapasiteten i enkelte områder ikkje tilstrekkelig for eit ekstra høgt forbruk av vatn. Dersom forbruket held fram, kan enkelte delar av kommunen få lågt trykk og i verste fall miste vatnet. Dette kan få store konsekvensar for næringsverksemder, omsorgstenesta og for kapasitet på brannvatn.

Kor lenge må vi begrense hagevatninga?

Følg med på kommunen si heimeside og på facebook.