Forvaltningsplan for leplantingane på Gossen - høyring

Forvaltningsplan for leplantingane på Gossen - høyring

Aukra kommune i samarbeid med Miljøfaglig utredning AS er i ferd med å avslutte arbeidet med ein forvaltningsplan for leplantingane på Gossen. Vi er interesserte i dine kommentarar til planforslaget!

Du finn alle saksdokument på Aukra kommune sin planportal, der du og kan sende inn ditt høyringssvar. Frist for innsending av merknader til planarbeidet er 11. oktober 2019.

Sjå saksdokumenta og send inn høyringssvar

Den 16. oktober 2019 inviterer kommunen til eit ope møte om saka. Konsulentane frå Miljøfaglig utredning AS blir med på møtet. Høyringa og innspel frå det opne møtet vil bli tatt med i utarbeidinga av endeleg plan. Vel møtt!

  • Dato: Onsdag 16. oktober 2019
  • Tid: Kl. 18.00
  • Stad: Kommunestyresalen på kommunehuset