Første vaksine er sett i Aukra kommune

Aukra kommune er endeleg i gong med vaksineringa av bebuarane på sjukeheimen ved Aukra omsorgssenter. 

Som førespegla, har kommunen fått få dosar i første omgang. Etter sentrale tilrådingar, er dei bebuarane på sjukeheimen som er prioritert og vil få vaksine først. Ein liten prosentdel av helsepersonell i kritiske funksjonar vil få tilbod om vaksine frå neste veke. Dei følgjande vekene vil vaksineringa skje etter kommunen sin vaksinasjonsplan.

Denne veka fekk Aukra 3 hetteglas med vaksine, som kvar gir 5 dosar. Overskotsdosar blei gitt til kritisk helsepersonell. 

Bebuar Emilie Strønstad (96) blei første innbyggjar i Aukra som mottok Covid-19 vaksinen. Neste dose av vaksinen skal ho ha om 21-23 dagar, saman med resten av bebuarane som også blei vaksinert i dag.

«Eg er så gamal at det ikkje er så nøye, men eg gjer som doktoren seier» sa Emilie til reporteren frå Romsdals Budstikke som tok bilde av hendinga.