Foreldrekurs hausten 2022 - Trygghetssirkelen

Foreldrekurs hausten 2022 - Trygghetssirkelen

Kurstilbodet for foreldre i Circle of Security (COS-P) startar opp igjen hausten 2022. Kurset vil gå i regi av barnehagen på haust og i regi av helsestasjonen om våren.

Trygghetssirkelen/Circle of security-parenting (COS-P)

COS-P er basert på mange tiår med forskning på kva som gir barn ei trygg tilknytning til sine næraste omsorgspersonar. Kurset kan hjelpe foreldre med å bli meir trygg i forståinga av barns kjensler, åtferd og behov, og hjelpe foreldre å forstå meir om korleis samspelet med barna vert betre.

Trygt tilknytta barn har det betre! Trygge barn vert trygge og ansvarlege vaksne!

Om kurset

  • Kurset er gruppebasert, går over åtte gonger og har oppstart haust og vår.
  • Haustkurset går i regi av barnehagen. Alle kan melde seg på - ved stor pågang vert foreldre til 3-åringar (2019-kullet) prioritert.
  • Vårkurset går i regi av helsestasjonen. Meir informasjon om vårkurset kjem.
  • Målet er at barna skal få hjelp til å kjenne seg trygge, få betre sjølvkjensle og og betre psykisk helse. På den måten kan dei stå sterkare rusta til å møte utfordringane i liva sine.

Kva kostar kurset?

Kurset er gratis. 

Kurshaldar

  • Barnehagane i Aukra (haustkurs).
  • Helsestasjonen (vårkurs).

Kursdatoar hausten 2022

Bergetippen barnehage

Kurset går over 8 måndagar mellom kl. 18.00 - 20.00 slik: 

  • 19. september 
  • 26. september
  • 3. oktober
  • 17. oktober
  • 24. oktober
  • 31. oktober
  • 7. november
  • 14. november

Barnebo barnehage

Kurset går over 8 tysdagar mellom kl. 18.00 - 20.00 slik: 

  • 20. september 
  • 27. september
  • 4. oktober
  • 18. oktober
  • 25. oktober
  • 1. november
  • 8. november
  • 15. november

Påmelding haustkurs 2022

Vi har eit maks tal på deltakarar i gruppa. Alle kan melde seg på, men ved stor pågang blir foreldre til barn født i 2019 prioritert. Vi ønskjer at begge foreldre deltek, men er dette ikkje mogleg kan ein av forledra melde seg på. I påmeldinga skriv du namnet til den/dei som skal delta. Det er bindande påmelding. 

Påmeldingsfrist er måndag 5. september 2022.

Påmelding Barnebo barnehage

Påmelding Bergetippen barnehage

Har du spørsmål om kursa?

Barnebo barnehage ved Hanne Skarshaug

Bergetippen barnehage ved Monica Helseth

Erfaringar frå 2021-kurset

Her er nokre sitata frå foreldre som har vært på kurs i 2021.

"Etter å ha gått ferdig kurset så ser jeg nå barnas følelser og behov fra et mer utvidet perspektiv enn før, dette gjør at jeg kan møte dem på en enda mer helhetlig måte enn tidligere. Og det var spennende å lære mer om hvordan egne erfaringer og tanker kan ubevisst påvirke vår relasjon til barnet. Dette er det mest matnyttige kurset jeg har vært på. Tusen takk!"

"Dette var forebyggande psykisk helse både for foreldre og born."

"Kurset ga rom for/var mykje tufta på eigen refleksjon."

"At me foreldre må gå i oss sjølv."

"Ikkje berre står betre rusta til å skape trygg tilknytning no, men at borna mine skal bli trygge og psykisk/kjenslemessig påkobla ungdom og vaksne."

Meir om Trygghetssirkelen

Les meir om Trygghetssirkelen ved å følgje lenkene nedanfor.

Trygghetssirkelen si heimeside (engelsk)

Tilknytningspsykologene si heimeside

Sjå videoreportasjar frå foreldre som har gått kurset