Er du interessert i eit av småhusa eller leikeapparat ved gamle Riksfjord skole?

Er du interessert i eit av småhusa eller leikeapparat ved gamle Riksfjord skole?

Aukra kommune skal avvikle leikeområdet utanfor den gamle barnehageavdelinga på Riksfjord.

Er du interessert i småhus/leikeapparat?

Dersom du har ønske om leikeapparat etter eit av småhusa som står der, kan du ta kontakt med Aukra kommune:

  • på e-post til post@aukra.kommune.no
  • tekniske tenester på telefon 481 37 204

Vilkår

  • Lag og foreningar vert prioritert.
  • Det vert loddtrekning der det er fleire som tingar same apparat/hus.
  • Du må sørge for flytting sjølv.
  • Nokre av apparata skal kommunen nytte. Desse er merka.  

Frist

Frist for å tinge apparat er 15.juli