Endring i brannvernsamarbeid frå 1. januar 2020

Endring i brannvernsamarbeid frå 1. januar 2020

Frå nyttår av vil det nye brannvernsamarbeidet Nordmøre og Romsdal brann og redning IKS (NORBR) vere operative. NORBR vil ha ansvaret for brannberedskap, førebyggjandetenester og utføring av tilsyn/feiing i kommunane Tingvoll, Sunndal, Gjemnes, Rauma, Aukra og Molde.

Brannvernsamarbeid i drift frå nyttår

Det nye selskapet vil ha hovudkontor i Molde, i tillegg til kontor på brannstasjonen i Sunndal og på Åndalsnes. Målet er å gi innbyggjarane i deltakarkommunane større tryggleik ved å profesjonalisere det arbeidet som blir gjort på førebygging og beredskap. Eit sterkt fagmiljø vil gi innbyggjarane gode tenester, samtidig som vi får sett det lokale engasjementet og kompetansen i eit felles system. 

Stort ansvarsområde

Brannsamarbeidet dekkjer eit stort geografisk område (ca. 5 500 km2) og har eit samla innbyggjartal på rundt 56 000. Mykje av arbeidet vil bli planlagt og organisert sentralt, men med lokale krefter som støttar i utføringa. Brannvesenet vil fortsetje å vere tilstades lokalt. 

220 tilsette på deltid

Det nye selskapet vil ha 220 personar tilsett som brannkonstablar på deltid. Den lokale beredskapen ute i kommunane blir oppretthalde som i dag og vil ved enkelte stader styrkjast der analysane viser at det er behov for dette. Samarbeidet vil gi dei lokale kreftene i deltidsstyrken eit lyft slik at dei er godt rusta til å utføre den jobben dei skal, både på utstyr og kompetanse.