Digitalisering av fakturautsending

Digitalisering av fakturautsending

Aukra kommune jobbar i desse dagar med å ta i bruk ny rutine for distribusjon av fakturaer slik at mengda av digital utsending vert auka. Dette lettar arbeidet både for oss, og for dei som mottek faktura. Den nye forma for utsending resulterer òg i ein ny fakturablankett.

Som ei følgje av den nye løysinga vil alle faktura bli forsøkt sendt digitalt, via AvtaleGiro, eFaktura, Vipps Rekning, digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg i ein e-post. Om dette ikkje er mogleg vert fakturaen levert som papirfaktura i postkassa di. 

AvtaleGiro

Om du som kunde har AvtaleGiro, vil òg belastningsoppgåva bli forsøkt distribuert digitalt. Den nye fakturablanketten vil ikkje ha noko girodel til brevgiro. Ei god løysning for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysingar vil då vere å opprette AvtaleGiro, då får du tilsendt belastningsoppgåve i posten.

eFaktura

eFaktura er den distribusjonskanalen vi ønsker at flest mogleg tek i bruk, og vi håper alle kundane våre teiknar eFakturaavtale i banken. eFaktura sikrar at fakturaen kjem kjapt fram, samt at den er ferdig utfylt så du slepp å taste kontonummer, KID og beløp. Den må berre godkjennast i nettbank.

Faktura via Vipps

Gjennom den nye løysinga har vi no moglegheit til å tilby Vipps eFaktura. Dette forutsett at du nyttar Vipps, og har aktivert Vipps eFaktura inne i appen.

Faktura i Digipost / eBoks

For å ta imot faktura på Digipost/eBoks føresett det at du har oppretta ei digital postkasse med ein av desse leverandørane. Om du allereie har avtale om eFaktura eller avtalegiro med kommunen vil desse vere å føretrekke framfor Digital Postkasse.

Faktura som vedlegg i e-post

Ønsker du å få fakturaen tilsendt som et PDF-vedlegg til e-post, kan du kontakte oss for å få registrert epostadressa di i systemet vårt. Vi må presisere at dersom du har andre digitale kanalar som avtalegiro, eFaktura, Vippsfaktura eller Digital postkasse, vil desse vere å føretrekke framfor epost.

Faktura levert i postkassa

Dersom vi ikkje får treff i nokon digitale kanalar, vil fakturaen bli levert i postkassa på same vis som tidlegare, og den einaste forskjel du vil merke, er at utsjånad på fakturaen er noko endra. Den nye blanketten har ikkje girodel i botn, slik at om du ønsker å nytte brevgiro må du fylle ut ein tom giroblankett. Tomme giroblankettar har dei i banken.

Informasjonvideo på YouTube

Vår leverandør Visma Unique har laga ein video på YouTube, der dei informerer om digital fakturautsending.

Sjå video på YouTube