Digital kafé

Digital kafé

Ny sesong med digtal kafé startar 7. februar 2023. Nytt i år er det vert halde kafé annakvar gong på Mevoldtun på Julsundet og Aukra kulturhus, med start på Mevoldtun.

Ønsker du å lære meir om korleis du bruker smarttelefon, nettbrett eller korleis du navigerer på internett? Aukra pensjonistlag og Aukra kommune forsetter suksessen frå i fjor og inviterer nye og gamle deltakarar til «digital kafé», annakvar veke på Mevoldtunet og Aukra kulturhus. Vi ønskjer særleg dykk som er digitale nybegynnarar velkomne. 

Tid og stad for samlingane

  • Mevoldtun: Kl. 13.30 – 15.30
  • Aukra kulturhus: Kl. 11.30 – 13.30

Tema for samlingane

Vi legg opp til å ha eit tema som vi fokuserer på kvar gong i starten av kafé-tida. Vi annonserer temaet på sosiale media/heimesida i forkant.

Oversikt over dato og tema for Digital kafe

Oversikt over dato og tema for Digital kafe
Dato Stad Tema
7. februar Mevoldtunet Navigering på kommunen si heimeside, nyheitsbrev med meir
14. februar Aukra kulturhus Navigering på kommunen si heimeside, nyheitsbrev med meir
21. februar Mevoldtunet BankID
28. februar Aukra kulturhus BankID
7. mars Mevoldtunet Bestille billettar på nett
14. mars Aukra kulturhus Bestille billettar på nett
21. mars Mevoldtunet Sjølvmelding/skatt
28. mars Aukra kulturhus Sjølvmelding/skatt
11. april Mevoldtunet E-post. Opprette adresse, korleis legge ved vedlegg. Lagre vedlegg
18. april Aukra kulturhus E-post. Opprette adresse, korleis legge ved vedlegg. Lagre vedlegg.
25. april Mevoldtunet Videosamtalar – Facetime, messenger med meir

Har du spørsmål om digital kafé? Ta kontakt med Synnøve Jansen på telefonnummer 948 32 144.