Den 1. desember 2024 startar StikkUT! Vinter

1. desember går startskotet for ein ny vintersesong for StikkUT! der du kan velje mellom 154 skiturar og 255 fotturar. Stikk UT! Vinter varar fram til 21. april 2025.

Stikk UT! og opplev det fine lyset, tenn eit bål og sjå på stjernehimmelen. Vi ønskjer oss gode vinterforhold, god glid på ski og moglegheita for fine fotturar. Be gjerne med deg nokon på tur, oppfordrar Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal og Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd som er ansvarlege for Stikk UT!.

Delta på Stikk UT! Ski og få premiar til Ski-VM 

26. februar til 9. mars 2025 er det Ski-VM i Trondheim. I samband med VM har vi ein kampanje «Stikk UT! Ski til Ski-VM i Trondheim» der deltakarane som registrerer minst 10  skiturar innan 1. februar er med i trekninga av billettar til VM. I starten på februar vert tre vinnarar trekt ut og får to billettar kvar til Ski-VM.

– Dei som køyrer tråkkemaskinene har rusta seg på ny sesong og er klar til å lage kilometervis med fine skispor så snart snøen gjer det mogleg, seier Stig Aambø i Møre og Romsdal skikrets. Du kan velje mellom 154 flotte ski-turmål! Dei fleste med oppkøyrde spor til postane rundt om i skiløypene i fylket. Nokre skiturar går delvis utanfor løypenett og eignar seg betre for fjellski eller randonee-ski.

Feiring av Friluftslivets år 2025

Vi inviterer alle til å bli med og feire Friluftslivets år 2025. Dette kick-startar med «Hele Norge båler» 18. januar og påfølgjande veke. Ta gjerne turen til ein gapahuk til fots eller på ski og tenn bål saman med turvenner i veke 3. Mange Stikk UT!-turmål går til ein gapahuk eller du passerer ein. Fleire gapahuker har gruer der man kan fyre opp eit bål. Husk gjerne litt ved og fyrstikker. Eit bål varmar godt og det er koseleg å sitte saman med turvenner og nyte bålet og vinterlandskapet. Ta omsyn til naturen og etterlat han like fin som før.

Nyhet!

Registrering av Stikk UT!-turmål har tidlegare føregått både på stikkut.no og i Stikk UT!-appen. I sommarsesongen vart moglegheita for registrering tatt vekk frå stikkut.no. Friluftsråda har fått tilbakemeldingar frå deltakarane som har sakna dette og dei har lytta til dei og vil i løpet av vintersesongen gjeninnføre moglegheita for å registrere turane på stikkut.no i tillegg til Stikk UT!-appen.

Turtips for turar på vinterstid

Forskning viser at vi sit for mykje og at dagleg aktivitet er livsviktig bokstaveleg talt. Bruk Stikk UT!-turloggen og sett deg dine eigne mål for vinterens aktivitet. 
- Å kome seg ut er enklare enn man trur. På dei fleste nærturar er det nok å kle seg godt og varmt, ta på gode sko og kome seg ut døra. For kvart steg vil kropp og sjel merke ein positiv effekt, seier Hoel.

Friluftsråda og skikretsen har også nokre gode tips som du kan følgje. Kle deg etter været, ta med ein liten sekk med varm drikke, ei ekstra jakke, matpakke/tursnacks, hodelykt og eit par broddar for dei som går på beina. Sjekk turbeskrivinga og værmelding. Da er du klar for fine turopplevingar.

Stor innsats frå frivillige 

– Mange dyktige frivillige har gjort ein fantastisk jobb for å leggje til rette for at nettopp du kan kome deg ut på tur. Dei har hange opp Stikk UT!-skilta, kodeklistremerka og laga turbeskrivingar. Løypemannskap køyrer opp skiløyper gjennom heile sesongen. Gje dem gjerne «tommelen opp» når du møter dei, sier Stig Aambø!

Stikk UT! Vinter varar heilt fram til 21. april 2025. Friluftsråda og skikretsen ønskjer alle god tur!

Gå til stikkut.no

Turmål i Aukra

  • Aukra kyststi
  • Aukraskogen
  • Gossen flyplass
  • Hundetjønna
  • Kleivhaugen
  • Ramshaugen
  • Riksfjordremma
  • Rindarøya