Busetting av flyktningar i Aukra kommune

Aukra kommune skal busette 120 flyktningar i 2022. Men korleis er situasjonen akkurat no?

Busetting i april/mai

Tolv personar frå Ukraina har kome til nettverk i kommunen, og ni av dei er allereie formelt busett saman med familiemedlemmar. Tre andre har søkt om asyl og ventar på svar på søknaden. Dei vil bli busett så snart opphaldsløyve er innvilga.

I tillegg har Aukra kommune busett ein familie på fire personar frå Syria. Tre andre familiar frå Syria, til saman tolv personar, skal busettast i løpet av mai.

Vegen vidare

Det er mange som ventar på at det skal kome fleire flyktningar frå Ukraina til kommunen, og det gjer vi i Eining for innvandring og integrering også. Huseigarar har stilt bustadar til disposisjon og lurer sjølvsagt på når dei kan vente å få nye leigebuarar. Eining for innvandring og integrering har meldt inn til IMDi at kommunen har kapasitet til å busette 90-100 flyktningar dei neste to månadane, men førebels er ingen nye flyktningar frå Ukraina søkt ut til Aukra. Vi er klar til å ta imot dei som kjem, og vi håper at det vil skje innan kort tid.

Vi arbeider no vidare med idéane frå idédugnaden 29. mars, og håper å snart kome i gang med inkluderande aktivitetar saman med innbyggjarane i Aukra kommune.

Om nokon har spørsmål eller ønsker å bidra med noko, ta kontakt med einingsleiar Aud Lisbeth Lillebostad.

Ta kontakt med Aud Lisbeth