Brøyting og vintervedlikehald

Brøyting og vintervedlikehald

Vintersesongen er no i gang og Aukra kommune vil komme med viktig informasjon om kommunal brøyting.

Kven kan eg kontakte om brøyting?

For at entreprenørane skal få gjort arbeidet sitt mest mogleg effektivt og rasjonelt, ønskjer vi at alle meldingar frå publikum blir stila til Aukra kommune.

  • I normal opningstid ved Aukra kommunehus kontakt 71 17 15 00 
  • Utanfor opningstid ring vakttelefon kommunalteknisk drift 915 16 740

Vi ber om at publikum ikkje tek direkte kontakt med gjeldande brøyteentreprenør for området.

Dette kan du gjere for å hjelpe brøytarane

Aukra kommune oppmodar også publikum til å ta omsyn til brøytarane og vintervedlikehaldet. Dette gjer du ved å:

  • Tilpasse farta når du passerer brøytebil/traktor. Gi også brøytebil/traktor tilstrekkeleg plass til å kunne gjere arbeidet sitt.
  • Parker bilar og andre køyretøy slik at dei ikkje er til hinder for brøyting eller strøing. Eventuelle skader på bilar som er feilparkert vil ikkje bli erstatta. Parkering som hindrar brøyting kan også føre til at det ikkje blir brøytt.
  • Plassering av søppeldunkar og liknande som kan hindre brøyting/strøing er ikkje tillate.
  • Du må sjølv fjerne brøytekantar i din private veg eller innkøyrsel.
  • Hekkar og liknande som er til hinder for brøyting må klippast/trimmast.
  • Gjerde som er plassert slik at dei kan bli skada av vintervedlikehald må markerast slik at hjørne og liknande er synleg for brøytesjåfør.
  • Tømming av snø på offentleg veg er ikkje tillate.

Når vert brøytinga utført?

Kommunen vil halde vegar, gang- og sykkelvegar og plassar opne i dei tidsromma folk normalt oppheld seg ute. Det vil seie mellom kl. 06.00-23.00. Vegane vil bli brøyta og strødd slik at dei er opne for bilar og mjuke trafikantar som er normalt skodd for vinterføre. Normalt vil ikkje snørydding bli starta opp før ved 8 cm tørr snø. Ved våt snø eller fare for omslag i veret, vil entreprenørane gjere skjønnsmessige vurderingar.