Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon

Bli ein betre leiar

Er du leiar i ei bedrift, i kommunen, eit idrettslag, ei fotballgruppe, barnehage, frivillegheit eller anna der det er viktig at folk trivst, spelar på lag og yter sitt beste?

Rune Bratseth er ein av grunnleggjarane av MOT, og har sete i styrt der sidan starten i 1997. Rune kjem til Aukra med eit inspirerande foredrag om…

«Verdibasert leiing»

Rune tek oss gjennom tema som gjensidig tillit mellom leiar og tilsette, involvering og eigarskap til endringsarbeid, korleis vi er overfor andre, lagbygging, rolleforståing og respekt. 

Bli med på ein spennande, inspirerande og interessant time, basert på erfaringar frå ein lang og innhaldsrik karriere.

Ope foredrag
Foredraget er ope for alle interesserte. Foredraget er mogeleggjort fordi Aukra kommune er ein av 5 pilotkommunar i Noreg som jobbar særskild med «MOT – kommunen som samfunnsbyggar».

Tid og stad

  • Aukra kulturhus
  • Kl. 18:00 er det mingling og kaffi.
  • Rune startar ca. kl. 18.20.
Rune Bratseth - Klikk for stort bilete Rune Bratseth