Koronavaksine våren og hausten 2023

Folkehelseinstituttet anbefalar at personar i aldersgruppe 75 år og eldre, samt bebuarar på sjukeheim, får ei oppfriskingsdose i dei tilfella det har gått meir enn 6 månader sidan førre dose. 

Vaksineanbefaling for våren 2023

Folkehelseinstituttet anbefalar at personar i aldersgruppe 75 år og eldre, samt bebuarar på sjukeheim, får ei oppfriskingsdose i dei tilfella det har gått meir enn 6 månader sidan førre dose. 

Ein ny dose vil vere særleg aktuell dersom du ikkje tidlegare har hatt koronasjukdom, og dersom du i tillegg til høg alder (75 år eller eldre) har ein sjukdom eller tilstand som gir auka risiko for at koronasjukdomen kan bli alvorleg dersom du blir smitta.

Kombinasjon av infeksjon og vaksinasjon gir betre vern enn vaksinasjon aleine og held seg godt over tid. Behovet for ny dose denne våren er derfor lågare dersom du i tillegg til vaksinasjon også har gjennomgått koronasjukdom. 

Informasjon om vaksine frå hausten 2023

Folkehelseinstituttet ser det som sannsynleg at det vil kome ei tilråding om ytterlegare ein ny dose til dei eldste til hausten, før vintersesongen 2023-24.

For at det skal kunne gå tilstrekkeleg tid før den planlagte haust-dosen, bør du oppsøkje vaksinasjonstilbodet i kommunen så snart som mogeleg og helst i løpet av april

Informasjon om oppfriskingsdose (dose 4)

Aukra kommune tilbyr også oppfriskingsdose (dose 4) til alle som ønskjer det av våre innbyggjarar over 18 år.

Slik bestiller du time til koronavaksinsering

Ta kontakt med legekontoret eller koronakontakten måndagar for avtale om vaksinering. 

Må eg betale for koronavaksina?

Vaksina er gratis. 

Har du spørsmål om koronavaksinering?

Ved spørsmål skriv e-post til koronakontakten: korona@aukra.kommune.no

Kontakt

Aukra legekontor
Aukraringen 17, 6480 Aukra
Telefon 71 17 14 00
Koronakontakt
Tiili Stamsvik
E-post
Mobil 90 69 25 58

Opningstider

Legekontoret

Kvardagar mellom kl. 08.00 og 16.00

Adresse

Besøks- og postadresse Aukra legekontor

Aukraringen 17

6480 Aukra