Barnas ryddedag 15. september 2021

Barnas ryddedag 15. september 2021

Den 15. september er barnas dag i strandryddeveka 2021, og Gossen barne- og ungdomsskole tek det på strak arm! Dei ryddar i dag land og strand. Andre og fjerde klasse ryddar i Buktin og ved Camp GBU, sjuande klasse ryddar i Horremsleira og åttande klasse ryddar Rødaleira. SFO skal sjå til at skuleområdet er reint. Aukra kommune er stolt av elevane og lærarane sine! 

Vi gjer bebuarar merksam på at det vil stå strandryddesekkar ved tre områder fram til RIR har sin neste hentedag. Desse områda er ved toalettbygget på Horremsleira og Rødaleira, samt ved vegen ved Buktavegen. Dette er avtalt med RIR.