Informasjon frå kommunen

Avstenging av vatn 5. august

Avstenging av vatn 5. august

Aukra kommune har i samband med prosjektet Aukra kulturhus og basseng utført ei planlagt vassavstenging. Dette for å utføre naudsynt omlegging av vassleidningar i området.

På grunn av uforutsette problem blei fleire abonnentar enn dei som på førehand hadde motteke varsel om dette berørt og har no vore vasslause. Vi beklagar dette.

Vatnet er no sett på igjen og alle abonnentar skal no ha vatn. Vi anbefalar alle å skylje godt ut i ei kaldvasskrane for å fjerne luft og evntuelt misfarge på vatnet.