Korona

Ønskjer du informasjon om vaksinering? Ta kontakt med legekontoret: 906 92 558.

Gå til temaside om koronaviruset

Aukra kommune får ny telefoniløysing

Aukra kommune får ny telefoniløysing

Fredag 29. januar går Aukra kommune over frå fasttelefonar til mobilt bedriftsnett.

Kvifor ny telefoniløysing?

Telenor er i ferd med å modernisere telenettet. Det betyr at ordninga med kopparnett og fasttelefon er på veg ut. Kommunen må derfor gå over til nytt telefonisystem. 

Korleis kan du kontakte kommunen?

Kommunen har framleis same telefonnummer til sentralbordet: 71 17 15 00.

Dei fleste tilsette har fått nytt telefonnummer. Du finn kontaktinformasjon for tilsette på heimesida under menypunktet Finn ein tilsett: 

Finn ein tilsett

Legekontoret og Aukra omsorgssenter har det same telefonnummeret som tidlegare. 

Tasteval

Kommunen har i tillegg etablert tastevalsystem. Det betyr at når du ringer hovudnummeret vårt (71 17 15 00), vil du få 6 val. Når du gjer eit val mellom tast 1 til 5, vil du få ytterlegare nye val. Du kan også taste 6 og komme direkte til sentralbordet. 

Du kan ringe direkte til saksbehandlarane som før. Kontaktinformasjon finn du som sagt på heimesida, under menypunktet Finn ein tilsett. 

Tasteval - Klikk for stort bilete