Aukra kommune er ferdig med vaksineringa av innbyggarar over 12 år.

Aukra kommune er ferdig med vaksineringa av innbyggarar over 12 år.

Status veke 36.

Alle over 18 år er fullvaksinert. Det er berre eit fåtal igjen som av ulike grunnar har utsatt sin vaksinasjon. Dersom nokon ikkje har fått bestilt seg time til vaksinasjon, ber vi om at de tek kontakt med kommunen sin koronakontakt på telefon 906 78 402.

16-17 åringane vil få dose to om 8 veker. 12-15 åringar er i første omgang berre anbefalt ein dose. 

Kommuneoverlegen ønsker å rette ein stor takk til føresette, rektorar, kontaktlærarar og vaksinasjonsteamet som var med å gjere vaksinasjonen av 12-15 åringane både rask og effektiv. 

Aukra kommune har ein vaksinasjonsdekning på 96% blant befolkninga over 12 år.